Hei og velkommen til vår hjemmeside!

Siden du er på denne siden her betyr det sannsynligvis at du har trykka på knappen "Om oss", vi vil derfor gi noe informasjon nettopp om nettopp oss. Nettopp?

Vi er et band som kaller oss Sliteneliten og vi begynte å øve i januar 2019! Så nå har vi jammen holdt på en stund.
Vi har gitt ut to plater, smekkfulle av hits synes vi sjøl!

Vi i bandet er Thea på trommer, Inga på fele, Silje på tverrfløyte, Synneva på vokal, gitar og piano (noen ganger all slags andre ting og, f. eks langeleik og saksofon), Ylva på gitar og Maria på bass. Kore gjør vi alle! Gauler som unga på lekeplassen ein vakkar vårdag i april.

Se her:

Korleis kan ein endre verda? Nokre måtar å få det til på kan vere å putte oppdrettsfisk i alle fjordane i eit land og betale minimalt med skatt, sikre seg ein plass på invitasjonslista til fine middagar/strategimøte med statsrådar og andre med mykje pengar, eller kjøpe eit sosialt medium. Ingen av desse alternativa er (diverre?) innanfor rekkjevidda til nokon av dei seks damene som speler i bandet Sliteneliten. Kva gjer ein då?

Ein kan til dømes rigge opp trommesettet, stemme gitarane, bassen, tverrfløyta og fela, reinske stemmen, og gaule ut på det venaste vossamål om korleis vi heller burde samlast, alle vi som ikkje er aksjemilliardærar eller er fødde inn i maktposisjonar, og saman endre alt til noko betre. Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Så då gjorde me det!

Send oss ein mail på sliteneliten@gmail.com om du vil ha besøk av oss!